Containerflaum
Roman.
Hagebergs poetiske tilnærming trekker leseren inn i dystopiets balansegang, og gjennom forflytninger følger vi Marit og Arne i deres reise mot en lykkeligere tilværelse. Containerflaum er Hagebergs første roman.
Utdrag:
Marit og Arne. Tett saman i den blå sofaen. Og Arne prøver. Han prøver så godt han kan. Å forstå alt det som ho held på med.
- Havfruer finst vel ikkje her i byen? - Havfruer? Eg synest å huska det berre var eg som hadde symjehud ein stad. Arne skuvar eit dokument til sides. Han rettar ut den venstre neven. Marit grip tak. Mellom langfinger og ringfinger finst ein flik av hud.
- Akkurat som anda, ja, seier Marit.
- Akkurat som anda, seier Arne. - Men Marit, kor er flettene du hadde då du fór ut?
- Mellombels løyst ut, smiler Marit. - I Clodiusbakken.
- Clodiusbakken? seier han og snurrar håret hennar om fingrane. - Godt at ikkje vinden fór med det òg.
- Som livet, smiler Marit. - Mellombels alt saman.
Skjønar du?
...
Anmeldelser
Dette er ei bok som er verd å lesa langsamt. Margunn Hageberg har tidlegare gjeve ut lyrikk, det kan ein merke, boka har tidvis noko prosalyrisk over seg, ho kan i mangt minne om punktromanen til Paal helge Haugen ”Anne” frå 1968. Forfattarinna gjev oss det naudsynte, så er det opp til lesaren å leva seg inn i det øvrige, det usagte.
Les hele anmeldelsen fra Eigil Steinsfjord i avisa Valdres fra 13.januar 2011 her.
Les hele anmeldelsen fra avisa Nordlys her.
Les hele anmeldelsen fra Hilde Kat. Eriksen i Nordnorsk Magasin her.

